LUKK
Heim / Sommarleir - Med vinden i ryggen, 12. - 16. juni 2017


Sommarleir - Med vinden i ryggen, 12. - 16. juni 2017

Vi ønskjer å invitere deg til ei veke full av opplevingar, utfordringar, leik, moro, og møte med både kjende og nye menneske. Kanskje du vil prøve ei natt i telt? Kanskje blir det ein fotballsiger? Eller kanskje ein fjelltur med niste og saft?





Med vinden i ryggen
Når: 12. - 16. juni 2017
Kvar: Nordfjord folkehøgskule på Vereide i Gloppen
Kva: Sommarkurs for ungdom med utviklingshemming
Søknadsfrist: 1. mai

Sommarkurs for ungdom er ikkje berre for tenåringar, men for alle som føler seg unge og vil oppleve noko nytt. Du kan ha med deg din eigen hjelpar eller melde deg på åleine. Alle får god oppfølging på leiren. To lærarar er ansvarlege for opplegget, og i tillegg vil det vere ein assistent pr to deltakarar.

Ein dag ser omlag slik ut:
08.00 Frukost
09.00 Samling i Ljosborgstova.
- Informasjon og ord for dagen
- songaktivitetar
09.30 Aktivitetar
11.30 Lunsj for dei som er på skulen
12.30 Aktivitetane held fram
15.30 Middag
18.30 Kveldsaktivitet m/mat
- Ein sommarkveldsdraum (sekkehopping, pilkast,
bokskast, tautrekking, natursti, hesteskokasting,
spikerslag, …)
- Dansekveld med grilling ved fjorden
- Fotballkamp med heiagjengar
- Programkveld
22.00 Godnattsamling
- Vi avsluttar kvar kveld med ei felles kveldsstund,
song og forteljing rundt bålet eller inne i
daglegstova.




Aktivitetar du kan velje mellom:
Song og musikk
Skogstur til gapahuken
Tur til Tystadstøylen
Tur til gapahuken med overnatting
Matlaging ute og inne
Kano- og kajakktur
Ballaktivitetar
Dans
Ro- og fisketur
Klatring inne og ute
Forming/hobbygruppe
Riding på Stall Rygg

Enkelte av aktivitetane går frå frukost til middag, men det vil også vere nokre dagar der du vil ha ein aktivitet før lunsj og ein ny etter lunsj. I alle aktivitets-gruppene vil det vere ei eller fleire små samlingar med rom for litt kvile, fellesskap og prat.

Torsdag kveld er det festmiddag og underhaldning. Her får du høve til å stå på scena. Dersom du har kostyme som du vil bruke, må du hugse det når du pakkar til leiren.

 


Start og slutt
Leiren startar måndag 12. juni kl 12.00. Vi kan ta i mot deltakar frå kl 10.00. Det er ikkje høve til å kome før dette tidspunkt, fordi då er alle leiarane og assistentane på planleggingsmøte.

Leiren sluttar fredag 16. juni kl 14.00, og alle må reise/verte henta før kl 16.00.

Søknad
Send søknad til: Nordfjord folkehøgskule, 6823 Sandane
eller på e-post: kontor@friluftslivskulen.no;

I søknaden vil vi ha følgjande informasjon:
Namn, adresse, postnr, poststad, telefon, personnummer (11 siffer), namn på føresette/pårørande, telefon til føresette/pårørande, diagnose/funksjonsnivå og andre opplysningar vi bør ha for å gi deg god støtte og oppfølging.

Dersom du treng tilsyn om natta eller anna tett oppfølging i høve til måltid og /eller personleg stell, må du ha med eigen hjelpar. Alle opplysningar vert handsama konfidensielt. Arrangementet er eit kortkurs i regi av Nordfjord folkehøgskule.

Søknadsfrist: 1. mai

Du er velkomen som søkjar.

Pris: 5.000,- (Pris for hjelpar: 1.600,-)




Leirsjefar
Ansvarlege for kurset er Magny Barmen, Lisbeth Momrak, Magnar Holvik og Odd Harald Halse. Vi er lærarar på linja Friluftsliv/Bu og fritid ved Nordfjord folkehøgskule, og har lang erfaring med tilrettelegging av undervisnings- og fritidstilbod for ungdom med ulike funksjonshemmingar.

Les meir om linja Friluftsliv/Bu og fritid her

Dei som får plass på kurset vil få tilsendt pakkeliste og meir informasjon.

Velkommen til spennande dagar på Nordfjord folkehøgskule!

Her kan du sjå ei bildeserie frå leiren i august 2013

Her kan du sjå ei bildeserie frå leiren i august 2014

 

BILDESERIAR, TURRAPPORTAR OG ANNA FRÅ Friluftslivskulen