Friluftsliv / Vegleiing

Om eit år ikkje er nok

For nokre blir ti månader i Nordfjord for lite. Dei vil ha meir friluftsliv, og fleire utfordringar. Går du på Friluftsliv/Vegleiing er du stipendiat på skulen. For å få plass på denne linja må du ha eit år med friluftslivutdanning frå folkehøgskule eller tilsvarande bakgrunn.

Som stipendiat får du prøve deg som vegleiar for andre elevar på tur, og du får praksis med elevane på Bu og fritid. På ettermiddags- og kveldstid er du aktivt med i det sosiale miljøet på skulen. Du får undervisning og rettleiing, og personalet gir deg tett oppfølging. Før skulestart får du kurs i klatring og kajakk, og i løpet av året får du eigne kurs i innan klatring, skred og skiinstruksjon.

Eit år der du gir veldig mykje av deg sjølv. Og får uendeleg mykje tilbake.

NOKRE STIKKORD OM LINJA
Friluftslivlære
Vegleiarpraksis
Miljøarbeid
Pedagogikk
Spesialpedagogikk
Leiarutvikling
Personleg utvikling
Gruppeprosessar
Leiingsteori
Skredkurs
Klatrekurs
Sjå meir +

INFORMASJON TIL DEI SOM VIL SØKJE PÅ LINJA FRILUFTSLIV/VEGLEIING (stipendiat) 2022/2023.

Undervisning
– leiingsteori og turleiarrolla
– friluftslivpedagogikk og vegleiarlære
– gruppeprosessar
– spesialpedagogikk
– friluftslivet sin eigenart, friluftsliv – kultur og samfunn
– seminar

Oppgåver
– praksis som vegleiar på linjeturar og fellesturar
– praksis på linja Bu og fritid
– miljøarbeid

Kurs
Det vert organisert eigne kurs for stipendiatgruppa. Kurs: bre/klatring, skred og skiinstruktør

Økonomi
DU FÅR:
– stipend frå Statens Lånekasse
– fri kost og losji
– dekt kostnadane på den linja du er knytta til og på alle fellesopplegg
– dekt kurs: bre/klatring, skred og skiinstruktør
– utstyrsstipend kr. 3000,-
DU BETALAR FOR:
– prosjektveker

–  evt. utanlandstur på eigen eller andres linjer. Kostnaden kan reduserast i samband med oppgåver stipendiaten vert pålagt i samband med desse.

Turnus
Praksisen på Bu og fritid blir organisert i turnus. I løpet av fire veker har du to turnusperiodar som assistent/hjelpar på denne linja. Den eine turnusen  går frå måndag til fredag og den andre turnusen er på laurdag og søndag.

Søknad
– I søknaden vil vi at du skal skrive noko om kvifor du vil vere stipendiat og kva du ynskjer å få jobbe mest med. Skriv også om du har arbeidserfaring, om du har vore aktivt med i barne- og ungdomsarbeid eller liknande.
– Skriv kva linjer som kan vere aktuelle for deg, og kva linje som er ditt førsteval. Og om du eventuelt kan tenke deg å vere mediatstipendiat.
– Du må ha førarkort for bil.
– Det er eit ynskje om at stipendiaten kan gå aktivt inn i det kristne arbeidet ved skulen.
– Er det noko du lurer på, kan du få meir informasjon ved å ta kontakt med rektor eller inspektør.
– Du søkjer elektronisk og brukar det vanlege søknadsskjema som du finn på heimesida vår.

Søknadsfrist: 25. februar 2023

Sjå meir +