LUKK
Heim / Fag / Fagstoff / Stisykling


Stisykling

Stisykling eller teknisk sykling er ein disiplin innan terrengsykling. Aktiviteten har vokst fram det siste tiåret, og terrengsyklane har vorte meir spesialiserte og robuste slik at dei egnar seg godt til sykling over stokk og stein.




Frå 2016 har vi 15 fulldempa terrengsyklar som står klare i sykkelstallen på skulen. Det betyr at ei heil klasse kan ha terrengsykling som fag – med topp utstyr. I nærleiken av skulen finst det mange stiar som passar godt til å sykle på, og du får prøve aktiviteten både i valgfag og som dagsopplegg på
dei fleste linjene.   

Bilde: Lærar Erlend Aunevik på på veg opp til Haugsvarden. Nordfjord folkehøgskule ligg på Vereide, på neset ca. midt i bildet (foto: Matias Myklebust).  

Rett ved skulen ligg fjellet Haugsvarden. Her  går det flotte ruter som mellom anna var avbilda på framsida av magasinet "Terrengsykkel" i april 2015.Tittelen var "Vestlandets villeste". Reportasjen handla om ei rekke flotte sykkelstiar i Nordfjordregionen. I boka "Stisykling i Norge" som også kom ut i 2015, blir ruta frå Haugsvarden omtalt slik av forfattar Kristoffer Kippernes:  "...svingene ned fra Haugsvarden gir deg en av de aller beste nedkjøringene i Norge".

Lærar og instruktør Erlend Aunevik er ein ivrig stisyklar. Han underviser i terrengsykling som fag, og der får elevar både lære og praktisere stisykling og teknikktrening, bygging av berekraftige stiar, bruk av nærområde og gode møte med andre brukarar av stien. – "Den flottaste ruta er den ned frå Haugsvarden", seier Erlend. Langs stien er det flott utsikt med fjord på begge sider, og det er ein fantastisk sykkeltur. Turen endar opp på skulen, og då har du fått nesten 800 høgdemeter med alt du måtte ynskje deg av sykling og utfordringar.

Bilde: Magasinet Terrengsykkel (april 2015) og Boka Stisykling i Norge har begge flott omtale av stiane i Gloppen og Nordfjord (ill: ffshop.no)  

 

Bilde: KRIK-linja på stisykling frå Haugsvarden hausten 2015 (foto: Stian Gustafsson)

Bilde: Lærar Erlend Aunevik på på veg ned frå Haugsvarden (foto: Matias Myklebust)

 

Stiguidar

Stiguide Sandane (ekstern link)

Kampanjefilm frå Destinasjon Nordfjord om sykkelstiar i Nordfjord (Stryn, Gloppen og EId), sjå filmsnutt nedanfor: 

Terrengsykling i Nordfjord (film: Destination Stryn & Nordfjord

RELATERT INNHALD