LUKK
Heim / Kontakt oss / Selskap og catering


Selskap og catering


Nordfjord folkehøgskule har fleire lokale som er ideell for både overnatting, bryllaup, jubileum og andre små eller store dagar som skal feirast.


>> Her finn du prisar     
>> Kontakt oss

Ljosborgstova er storstova i bygget, med vakre maleri og god atmosfære. Vi har kapasitet til å ta imot over 100 gjestar og gode moglegheiter for store lag.


Selskap
Vi arrangerer minnesamver, bryllaup, middagar, barnedåp, konfirmasjonar og slektstemner. Ta kontakt med oss for standard prisar.

 

Koldtbord
Vi leverer ferdige koltbordmenyar som passar godt til for eksempel konfirmasjonar eller andre feiringar. Vi har ein standar koltbordmeny med dei vanlegaste rettane som gjester ønskjer på eit koltbord. Viss du som kunde har andre ønskjer så kan ein bestille det i tillegg.



 

Catering
Vi kan tilby varme rettar til utlevering til det tidspunktet du som kunde skal ha det. Vi lagar både festmiddagar til for eksempel bursdagar eller barnedåp, eller enklare rettar til større organisasjonar.