LUKK
Heim / Om skulen / Ordensreglar


Ordensreglar

Skulen skal være ein god heim for alle. Difor har alle elevar og tilsette ansvaret for at fellesskapet skal verte bra. For at skuleåret skal verte vellykka for deg og dei andre som kjem hit, treng vi rammer rundt skulekvardagen. Det er og viktig å hugse at så lenge du er elev dette året, representerer du skulen i nærmiljøet. For oss er det viktig å ha ein god tone med omgjevnadene våre.



Det er viktig for oss alle at dei som har kvardagen sin på skulen føler seg forplikta til å følgje dei reglar og ordningar som gjeld. Vi på Nordfjord folkehøgskule ynskjer å ha ein god dialog med alle som er innom skulen. Dei siste åra har det ikkje vore naudsynt å bruke mykje krefter på å følgje opp regelverket. Det gjer at vi i staden kan bruke energien på å skape positive tiltak til beste for alle.

 

Skikk og bruk
Vi forventar at alle utviser normal framferd. Med litt omtanke kan ein redusere slitasjen på bygningar og inventar vesentleg. Det gjev oss betre høve til å auke standarden på internat og utstyr.

 

Rusfri skule
Oppbevaring og bruk av alkohol og andre rusmidlar er ikkje tillate så lenge du er under skulen sin administrasjon. Det er ikkje tillate å møte opp på skulen i rusa tilstand. Brot på reglane i høve til alkohol kan føre til bortvising for ein periode eller utvising for resten av skuleåret. Bruk av narkotiske stoff fører normalt til utvising for resten av skuleåret.

 

Brannvern
Vi har tidlegare skrive om brannsikkerhet. For at det skal vere trygt å bu på skulen er det viktig at rutiner, ordningar og utstyr til ei kvar tid er i best mogeleg stand. Brannvernutstyr må difor ikkje rørast utanom brannsituasjonar. Brot av plomber og sikringsglas er strengt forbode. Reparasjon og kontroll av utstyr må betalast av den som forårsaker skaden

 

Ro i internatet
Det skal være ro utandørs og inne på internata mellom kl. 23.00 og 07.00.

 

Overnatting på rom
Gutar og jenter skal overnatte på kvar sine rom. Dette gjeld og dersom du får besøk av vener/kjæraste. Ved besøk er husmor hjelpsam med å skaffe overnattingsplass dersom det er naudsynt

 

Orden og internatreglar
Elevane må respektere skulen sine ordens- og internatreglar. Vert ordensreglane brotne og irettesetjing ikkje nyttar, kan eleven verte bortvist for ein periode eller utvist for resten av skuleåret.

Reglane på Nordfjord folkehøgskule er få, og har blitt til gjennom år med erfaringar og drøftingar mellom personalet og elevane. Det vert invitert til ein kontinuerleg dialog om desse. 

BILDESERIAR, TURRAPPORTAR OG ANNA FRÅ Friluftslivskulen