LUKK
Heim / Fag / Linjefag / Norske eventyr

Linjefag: Norske eventyrDet beste

Etter dette året kjenner du Norge. Du har opplevd fjella. Du har padla mellom øyane. Du har gått på breane og segla på fjordane. Det er ein unik sjanse til å bli kjend i eige land. Til å oppleve natur og vêr, landskap og kontrastar, kjende attraksjonar og skjulte perler, turvener og fellesskap. Det er det beste av Norge og det beste av friluftsliv.

Eit år på oppdagingsreise i eige land.

 



Norske eventyr innhald

Høgt og lavt i Lofoten (surfing, toppturar...)
Kystfriluftsliv og havkajakk i Bulandet
Toppturar i Hornindal
Surfing på Stad
Skitur gjennom Breheimen og Jotunheimen
Jostedalsbreen på langs
Segling i Nordfjorden
Via ferrata i Loen
Vandretur om hausten
Toppturar haust og vinter
Klatring
Hundekøyring i løpet av viteren

8 d
4 d
3 d
2 d
8 d
5 d
3 d
2 d
3 d
3 d
3 d
3 d

Brekurs
Vintertur
Skiveke i Hemsedal
Skredkurs
Terrengsykling
Segltur med Statsraad Lehmkuhl
Kokelagstur
Pilegrimsvandring
Førstehjelpskurs
Snøholetur
Skileik
Åleinenatt

3 d
3 d
5 d
3 d
? d
5 d
3 d
3 d
2 d
3 d
1 d
2 d

 


Norske Eventyr - Nordfjord fokehøgskule from Nordfjord fhs on Vimeo.

MEIR INFORMASJON OM TILBODET PÅ LINJA

Kva vil det seie å dra på Norske eventyr?

Vi skal verkeleg sjå det beste av Noreg, derfor oppsøker vi dei vakraste eventyra Noreg har å by på. Vi plukker kjente og mindre kjente områder med spektakulær natur og muligheiter for opplevingar og friluftsaktivitetar.

Første turen går til dei flotte fjella i Romsdalen kor vi skal bestige fleire av dei. Deretter reiser vi til spissen av vestlandet og padler fire dagar nydeleg kystnatur på Bulandet. Her lager vi mat vi finner i havet, oppdagar øyer og lærer oss å paddle havkajakk. Før haustfeiren setter vi nasa mot det eventyrlege Lofoten kor vi skal bestige toppar, surfe på bølger langs kvite strender og prøve oss på ekte lofotfiske.

Mellom turane gjennom Norge vert det opplæring i ulike friluftslivsaktivitetar i Nordfjord. Det blir brekurs, klatrekurs, skredkurs, telemarkkurs, skikurs m.m. I tillegg skal vi på ein 5 dagars segltur til Shetland saman med resten av skulen på seglskipet Statsraad Lehmkuhl, Norges største seglbåt.

I løpet av vinteren vert det turar med overnatting i snøhole, igloo og telt. Dette vert og ein del av førebuingane til ein lenger vintertur som går gjennom vakre Breheimen og Jotunheimen. Eit fantastisk fjellområde med mange flotte syn og toppar.

Når våren kjem dra vi til Stad for å utforske bølgene der, vi seglar Nordfjorden i skulen si eigen Colin Archer – skøyte og håpar på god blæst i segla. Og vi trekk opp på Jostedalsbrren, ei vestlandsperle, for å gå den på langs, før vi tar turen til vakre Loen kor vi går Via ferrata.

Du vil gjennom denne linja få oppleve mykje flott natur, du vil få betre kjennskap til ditt eige land, du vil få mange flotte naturopplevingar, du vil få erfaring med mange ulike friluftslivsaktivitetar og ikkje minst: du får vere med på mange lange turar saman med andre ungdommar.

Her finn du pakkeliste for Friluftsliv/Norske eventyr

BILDESERIAR, TURRAPPORTAR OG ANNA FRÅ Norske eventyr