LUKK
Heim / Opplevingar / På segltokt med Statsraad Lehmkuhl


På segltokt med Statsraad Lehmkuhl

Frå 19. til 23. september 2016, er heile skulen på segltokt. Elevane gjekk måndag ombord i skuta på Gloppefjorden og seglar vestover til Shetland.




5. oppdatering, fredag 23.september

For ein nydeleg gjeng som har ankra opp i Bergen! Vi gler oss til alle kjem heim att!

4. oppdatering, fredag 23. september.
Statsraad Lehmkuhl er no innaskjærs og vil om eit par timar ankre opp i Vågen i Bergen. Elevane har då gjennnomført seglturen frå Sandane, vestover til Lerwick og med retur til Bergen. Her er posisjon fredag kl 0800:

 

Soloppgang, seiling, venner og ikke noe sjøsyke 🙌🏻 #statsraadlehmkul #nordfjordfhs #fhslife

Et bilde publisert av Maria Døsrønningen (@mariadosronningen)

 

3. oppdatering, torsdag 22. september.
Etter nokre timar i Lerwick (hovudstad på Shetlandsøyane), har vi starta på seglturen austover mot Bergen. Her er posisjon torsdag kl 0800:

 

Morgensol på Statsraad Lehmkuhl #statsraadlehmkuhl #nordfjordfhs #fhsliv

Et bilde publisert av Steffen Igland (@steffenigland)

 

2. oppdatering, onsdag 21. september.
Skuta nærmar seg Shetland og dei har no fått mobildekning :-).
Her er første bilde frå turen:

 

Soloppgong utanfor Shetland.

Et bilde publisert av Grethe Vik (@grethevik)

 

Posisjon til skuta, onsdag 21. september kl 0800:

 

 

1. oppdatering, tysdag 20. september.
Måndag rodde Austrheim mannskor (eit kor frå Gloppen) i vikingskip ut og borda Statsraad Lemkuhl for å ønskje Nordfjord folkehøgskule god tur til Shetland. Sjå innslag frå NRK her.

 

På kartet under ser du posisjon til skuta tysdag morgon kl 0800:

 

Dette toktet er skulen sin faste skuletur. Her finn du meir informasjon om skuletur med Starsraad Lehmkuhl.

RELATERT INNHALD