LOGGBOKA 07.04.2018

April!

Drømmepåska er over og vi er godt i gong med april.

Det var jammen fint å møtast igjen etter ferien! Forsidebildet som Hanne har tatt viser rett og slett livet på internatet,- sånt som ein hugsar!

Dei komande to vekene er prega av langturar her hos oss. Ekspedisjon er avgårde på sin 12 dagers tur på Svalbard. Vi reknar med å høyre frå dei innimellom all gåinga, fregninga og teltlivet, og legg ut ein liten rapport etterkvart som vi får nyhende.

KRIK og Vind og vatn har pakka shorts og slippers, og har lagt ut på tur til Bali. Der skal dei få eit godt innblikk i balinesisk kultur, surfe og i tillegg besøke nokre prosjekt.  Ut frå rapportane hittil tyder mykje på at det er varmt, vakkert og meeeeget god stemning.

Jakt og fiske har vore på skadefelling av gås, og kom heim med 14 stk. Gjess er faktisk forbausande svære! Her er det Anja som er godt fornøgd med fangsten:

Mange av oss som er att i Nordfjord tenkte litt på at når det er april så er det ofte vår. Det var ikkje heilt vårstemning likevel, då det kom nokre solide snøbyger omtrent kvar dag denne veka. Til og med kjettingen måtte fram på veg opp mot skileik med Bu og fritid, Norske eventyr og Ski og surf.

Men snø må jo til for å ha skileik! Nokre er meir glade for å ha overlevd leiken enn andre: