Visjon
Brosjyre
|
Juni og juli 2010Nordfjord folkehøgskule er rett og slett annleis no sommarstid. Det er for eksempel andre typar folk her. I staden for 130 energiske 19-20-åringar har vi busslaster med nysgjerrige turistar, ein og annan syklist som treng ei god seng, familiar som er på vestlandsferie, ektepar med hund og god tid, diverse europeiske bilturistar og forøvrig alle andre variantar av folk. Det er triveleg å drive vandrarheim og hotell! Er du turist og sneiar innom Vestlandet så kom innom oss. Her byr vi på god seng og god mat!For meir informasjon om sommartilbodet vårt, klikk deg vidare til gloppefjord.no Men til deg som skal begynne på skule her i august, og lurer på om vi heilt har gløymt at vi òg er folkehøgskule: Du treng ikkje vere bekymra! Samtidig som vi er hotell og vandrarheim, så tenkjer vi òg på neste skuleår. Rektor og inspektør legg timeplan og alle andre planar som skal leggast. Kontoret sender ut informasjonsbrev. Vaktmeistrane flyttar veggar, legg golv, lagar nytt lærarrom, fiksar minibussar, kjøper og monterar nye varmeomnar. Kokkane planlegg turmat og skulemat. Assistentane pussar og bonar, reparerer møblar, målar og pyntar. Ein folkehøgskule er alltid i endring, og kravet til fornying og forbetring er der heile tida. I sommar er det akkurat det vi driv med: Å forbetre og fornye slik at også neste skuleår skal bli så godt som mogleg. |
Friluftslivskulen på film
Flash is not installed
Friluftslivskulen - siste bildeserie
Friluftslivskulen i ord
”Eg er, som vel Du veit, ein Fjellets Mann, og derfor dreg eg til fjells, so tidt eg kan, at friska meg paa Fly og bratte Bryn Og sjaa ikring meg alle store Syn” Aasmund Olavsson Vinje Eit år med Johannes
![]() Johannes Kristianslund vert kjendis i bygda. Firda Tidend føl han gjennom skuleåret. Les meir Sjå fotoblogg |