Visjon
Brosjyre
|
Aktivitet Å i havkajakkerSiste veka i oktober var tida komen for at havkajakkane låg klare til Aktivitet Å. Klassen var klar for ein fin og behagleg oppleving i sjøen med medvind, motvind og ein og annan dukkert!Den første dagen blei brukt til å læra ulike padleteknikkar og ikkje minst kameratredninga! Etter lunsj ved den hemmelege badeplassen til Åshild, skulle alle verkeleg ut i sjøen! Åshild hadde forklart korleis me skulle redda, først teoretisk og så praktisk med Elisabeth som medhjelpar. Nokon syntest dukkerten var ein rimeleg kald oppleving. Men alle barna fekk smaka på det kalde vatnet utanom Åshild, ho satt trygt i kajakken! Dag to baud på friske bølgjer og solskinn! For første gang skulle me pakka kajakkane. Lasteluke virka for dei fleste litt i minste laget i forhold til oppakninga. Til slutt kom elevane seg på sjøen med alt pakket og begynte å padla utover Gloppenfjorden. Første kryssinga av fjorden gjekk veldig bra og gruppa var flinke til å halde seg samla. Neste fjord som skulle kryssast baud på ein del meir vind. Her driev gruppa meir frå kvarandre og det vart tyngre å padla. Alle kom trygt på land og begynte å pakka sekkane, før me begynte på stigninga til leirplassen. Etter ca ein times gange oppover kom me til ein idyllisk plass mellom høge trer der me slo leir. Når alle hadde fått seg noko å eta, gjekk sju stk vidare for å nå den berømte Hyneshesten på heile 1255 moh. Turen opp var bratt og utsikten vart finare og finare. Me gjekk langs stupet heilt til me kom fram til ”sovesteinen”. Der tok me ei skive før me la ut på det siste stykket til toppen. Når me var komt opp til varden i halv sju tida kom mørket, men også månen. Den lyste som eit bål på himmelen slik at me slapp å bruka hovudlykta. Me var nede i halv ti tida og då lagde me mat før soveposen var siste stopp for kvelden. Dei som ikkje hadde vore med til toppen, hadde laga ein fantastisk fin leirplass med fire presseningar, telt og eit fint bål. Middagen var ete opp, og alle hadde lagt seg til å sove når dei andre kom ned. Gjengen vakna til ein utruleg vakker soloppgang og det gjekk som ein draum å pakka ned leiren. Christina hadde eit flott ord for dagen, og alle gleda seg til å padla til skulen. Nede ved sjøen var det ruskut å leggja utpå. Jorunn kom med båt og to som var sjuke blei med ho over. Me andre padla og padla og kom oss etter mange tunge tak over det brusande hav. Mange var slitne, men på tross av dette gjekk turen heim som ein draum. Sjøen blenkte vakkert i strålane frå sola. Ein båt kjøyrde forbi og filma oss, medan me padla det siste stykket inn fjorden. På land satt Øystein og tok varmt i mot oss. Alle kom seg på land, og fekk pakka sekkane, som Åshild skulle ta med seg i bilen. Då kajakkane var stabla perfekt på tralla og bilen fullasta, sykla klassen attende til skulen etter ein fantastisk fin tur! |
Friluftslivskulen på film
Flash is not installed
Friluftslivskulen - siste bildeserie
Friluftslivskulen i ord
"Men kanskje er ikke alt bare bra i denne utviklingen. Det er vel kanskje blitt noe meget sport av det, for meget rekorder og akrobatkunstner. En skiløper er ofte en mann som hopper saa mange meter. Det utvikler legemet, kan hende, men aanden skulde vel ogsaa være med" Fridfjof Nansen Eit år med Johannes
![]() Johannes Kristianslund vert kjendis i bygda. Firda Tidend føl han gjennom skuleåret. Les meir Sjå fotoblogg |