Visjon
Brosjyre
|
Surfers Paradise>> Se bilder fra Hoddevika, desember 2006>> Se bilder fra Hoddevika, september 2008 Anbefalt tonefølge; Beach Boys – Surfin’ USA. Det er onsdags morgon, og ein buss med 15 elevar,ein stipp og ein lærar frå Nordfjord FHS har retning rett vest, mot bølgjer, sandstrand, sol og saltvatn. Nei, det er verken vår eller sommar. Og, ja, vi er i Noreg. Midt i desember. Bussen rundar bakketoppen, vi ser rett ned i Hoddevika, Øystein set Beach Boys på stereoen, og klassen vaknar til live. ”Det e jo heilt rått!” ![]() -Er det et bra tegn at man er sliten i armene allerede nå? Hanne Beate ligg i sofaen i surfehuset og er sliten, men smiler og er glad, som alltid. Halve aktivitet-klassen er ferdige med den fyrste økta med surfing. Den andre halvparten ligg ute i vika og prøvar å temje bølgjene med surfe-stipp Benedikte som læremeister. Trass i regnet den fyrste dagen, er alle kjempegira og har verkeleg fått smaken på surfinga. Vi har vel alle hørt om ski inn-ski out, som er eit tilbod du kan finne i nær sagt alle skiheiser.I Hoddevika er det surf in-surf out som gjeld. Surfehuset ligg eit halvt steinkast frå sandstranda, og har god plass til heile klassen. Det er ikkje reint få surfarar frå både inn- og utland som har budd her før oss. Videoprosjektoren og lerretet i stova vart mykje brukt på kvelden, der vi henta inspirasjon frå surfarar laangt over vårt nivå.Den andre dagen var det ein nytelse å stå på stranda og sjå at sola byrja å ta i toppane rundt vika, medan månen fortsatt spegla seg i bølgene som slo innover sanden. Det var ikkje mykje som kunne tilseie at vi var midt i adventstida når vi låg på bretta å venta på bølgene. Og etter kvart klarte den eine etter den andre å få nokre sekund ståande på brettet. Surfing på Hawaii eller i Malibu er kanskje eksotisk, men eg vil påstå at surfing på Nordvestlandet i desember overgår det. Forhåpentlegvis kjem vi tilbake til Hoddevika seinare og får prøve oss som bølgjeryttarar igjen! Aloha Stadt! Øyvind H. ![]() |
Friluftslivskulen på film
Flash is not installed
Friluftslivskulen - siste bildeserie
Friluftslivskulen i ord
"Med god træning og en fornuftig utrustning behøver selv vinterstormen i fjeldet ikke at skræmme." Årboken til DNT, 1918 Eit år med Johannes
![]() Johannes Kristianslund vert kjendis i bygda. Firda Tidend føl han gjennom skuleåret. Les meir Sjå fotoblogg |