Visjon
Brosjyre
|
Kokelagstur på aktivitetEndeleg hadde den veka vi alle venta spente på komt. I veke 40 var det klart for kokelagstur. Det var tid for å bruke all den kunnskapen og erfaringa vi hadde fått gjennom turane, og sette den inn i samarbeide med kokelaget.1. Dag Turen starta med mykje planlegging, og pakking. men tirsdag 04.10 kl.17.00 kjøyde Erlend .(etternamn).. oss ut til Omnedalsstøylen. Der skulle turen vår starte ilag med kokelag nr.3. Sjølve var vi kokelag nr.6. Etter vel ein time i bratt lende, kom vi opp til Omnedalsstøylen. Der fann vi ein tørr og flat leirplass. Utruleg at slike finst! Til kvelden heldt Jeanett Nåvik ordet, og minte oss på kor heldige vi er, og at vi skal tenkje på dei som savnar oss heime. Etter det kom natta relativt fort, og ivertfall så sovna eg. God natt. 2.Dag Stod opp kl.09.15, då måtte eg ha litt mat i skrotten. Etter tradisjon blei det havregraur med sukker og smør, laga av jentene i kokelgaet. Målet for dagen var å kome seg til Skaretjønna, like ved Høgeholten. Difor begynte vi å gå kl. 09.45. Sjølv om orientering fram til målet var simpel, så skulle alle og einkvar frå prøve seg på mysteria rundt det å orientere med kart og kompass. Dette blei lærerikt for mange. Etter vel 6 km, og 4 timar med vandring kom vi fram til Skaretjønna. Der sette vi raskt opp teltet, og byrja å samle inn ved til den store bålprøva. Kvar og ein skulle fyre opp sitt eige bål, medan Eivind-stipp skulle godkjenne det. Slik vart det også, men ikkje før Eivind hadde teke seg ein lang lur i telet. Utover kvelden samla vi alle dei småbåla til eit stort, og kosa oss rundt det. Erlend dukka opp ut på kvelden, til alle si overrasking. Han skulle informere litt om rutevalga våre, og seie kva som var lurt og ikkje lurt. Der etter kom natta, og etter at alle hadde sovna. Låg eg der i midten av teltet å tenke på kor heldig eg er som er her akkuratt no. God natt, og sov godt! 3.Dag Idag var det hardt å stå opp, mykje på grunn av rangling, men også på grunn av ein stein midt i nattleie. I tillegg til trøttheita klikka glidlåsen utifrå innerteltet. Slikt skaper frustrasjon! Dagen idag kom til å bli lang, og etter berekningar skulle vi vandre i 10 timar. Difor la vi avgarde med eit mål som berre kunne tenkast, og ikkje sjåast. Idag var det min tur å gå fremst, og resulatet av det var raskt gange og rast ved Måsevatnet etter 3 timar. Det må seiast at undervegs letta det til saman rundt 20 ryper. Etter rasten vandra vi opp Blådalen, og tok av i bratta til Sørsendalseggja. Medan vi gjekk der, dukka det opp ein villrein på 20 meters hold. Det var svært berikandes for sinnnet!. Etter kvart kom vi til toppen, men etter mange bratte heng og svettedråpar.Men oppe var vi ivertfall på 1346 m.o.h. Planen vidare var å traske opp på Tverrfjellet, men det fall vekk grunna tidsmangel før mørkre vile kome. Difor valde vi ei sann passelig rute ned til Sørsendalsvatnet, der vi tok ein ny rast i enden. Utsikta frå der vi sat å åt var nydeleg, og rundt oss kunne vi sjå flotte fjell, brear, og himmelvegar. Etter rasten blei vegen lagt imot Ytrekandlsstøylen. Men terenget ned dit var svært farleg, så det var ikkje utan grunn av vi brukte lang tid å gå ned her. Vi slapp heldigvis unna sida med kun ei muligens brista hand. Den var det Bjørg Marie som tok seg av, slik at vi kunne ta vare på ho. Framme ved støylen blei det sett opp telt, laga bål, og mat. Alt var flott og nydelig, men sjøvsagt sovna vi fort etter å ha vandra i 9 1/2 time. Dermed var natta over oss enda ein gong...god natt. 4.Dag Idag vakna vi til helikopterdur, og blei svært underfulle. Var det nokon som hadde skada seg iløpet av mørkets timar? Difor stakk vi fort over til Eivind-Stipp for å høyre om situasjonen, men han hadde ikkje høyrt noko. Dermed var vi litt meir betrygga, og klare for frukost. Etter frukosten kom eit anna kokelag forbi, dei slo seg saman med oss, eller vi med dei. Slik vandra vi ned til Ytrekandal. Der skulle Hallgeir hente oss. Medan vi låg å venta, steikte sola, kjeksa forvann til magesekken, og livet var herligt å leve. Så vi takka for ein flott tur, og etter kvart kom Hallgeir og "stripa" sigandes for å hente oss...... Tobias E. Hatløy |
Friluftslivskulen på film
Flash is not installed
Friluftslivskulen - siste bildeserie
Friluftslivskulen i ord
"Med god træning og en fornuftig utrustning behøver selv vinterstormen i fjeldet ikke at skræmme." Årboken til DNT, 1918 Eit år med Johannes
![]() Johannes Kristianslund vert kjendis i bygda. Firda Tidend føl han gjennom skuleåret. Les meir Sjå fotoblogg |