Ekspedisjon Ski og surf Vertikalt Jakt og fiske Vind og vatn Aktivitet KRIK Bu- og arbeidstrening Kortkurs

Visjon
Brosjyre

Kystveke på Rugsund

Bjørg Marit Rugsund 220Haustsola som varsamt stryk over ansikta våre. Rolege vindpust blanda med lett latter. Bølgjer som elegant skyll innover fjæresteinane. Fjella som reiser seg opp av sjøen. Kvite fnugg på toppane.

Dette høyrest molegeins ut som ein klisjé, men det var verkeleg dette som møtte oss då me steig ut av bussen ved Måløy. Ei veke med fisking, segling og sjømat på menyen.

Fyrste ettermiddagen nytta me til å gjera oss kjende i naustet me skulle tilbringa dei neste dagane, og område rundt. Naustet me budde i var ein gammal hanseatisk handelsbygning som satte historisk stemning på opphaldet.

Då kvelden seig på, vart nokon såpass frista av den stjerneklare himmelen at dei la seg til rette på brygga. Enkelte lot seg også frista til eit forfriskande nattbad, før dei kraup langt ned i den varme soveposen sin.

Dagen etter skulle me få innblikk i heile prosessen rundt fiske, frå hav til middag. Stemninga stod i taket då me tideleg på morgonen kunne hala opp garnet med 34 store sei! Vidare lærte me om sløying og filetering av fisk. Så gjekk me i gang med å tilbereda eit måltid av dagens fangst. Grunna store mengder sei, fall valet på fiskegrateng! Fiskegrateng kombinert med blåskjel til forrett og sjokoladekake til dessert, blei ein suksess! Flagg båt 220

Om kvelden fekk alle som ynskte det bli med på nattseilas. I stummande mørke navigerte me rundt øya kun ved hjelp av fyr. Berre den jamne motorduren og bølgjene som skvulpa om baugen vitna om at me var på sjøen. Framme på baugen låg me tett i tett og såg på dei blinkande stjernene som spegla seg i det blikkstille vatnet.

Etter nattseilasen var det tid for å lysa etter krabbe. Stille flaut båten nettover sundet, medan lyktene saumfarde botnen. Spenninga ved å kikke over ripa og vurdera om det verkeleg var krabbe, eller berre ei stor sjøstjerne, må opplevast

Så kom dagen med segling. Med perfekte vindforhold reiste me seglet på ein av skulen sine gamle bruksbåtar, Austmann. Vinden tok oss med, medan me fekk læra om dei ulike oppgåvene på den over hundre år gamle trebåten. I denne gamle båten måtte me verkeleg jobba for å vera på lag med dei enorme naturkreftene.

Etter lunsj stod ein anna type båt for tur. Gavlbåten vart tidlegare nytta til fiske av sild. Mot ettermiddagen la vinden seg, og kappseglinga måtte avsluttast til fordel for motordur.

Dagen vart avslutta med svært engasjert Mafiaspel.

På bussturen evaluerte me veka ved kysten. Lovnadsord blei delt ut til båe flinke lærarar og positive elevar. Alle var samde om at dei hadde hatt fantastiske opplevingar.

Julius Jørgensen, 20 år
Ingvild Risnes Skeie, 20 år



Friluftslivskulen på film
Flash is not installed


Friluftslivskulen - siste bildeserie
 


Friluftslivskulen i ord

”Snø, står det i et dikt
Et svart ord
Trykksverte:
SNØ

Så umulig er det”

Hans Børli

Les meir


Eit år med Johannes
front_johannes_stad

Johannes Kristianslund vert kjendis i bygda. Firda Tidend føl han gjennom skuleåret.

Les meir Sjå fotoblogg
Nordfjord Folkehøgskule | 6823 SANDANE | Tlf.: 57 86 80 40 | Fax: 57 86 80 50 | Send epost
Webmaster | CMS (dagenDin) | Design Innoventi