Vi har no meir enn 300 søkjarar som ynskjer å gå på friluftslivskulen. Vi har plass til 130, og det er mange som står på venteliste. Det er derfor viktig at vi får rask tilbakemelding på om du seier JA eller NEI til skuleplass. Registrer ditt svar her: Svarskjema
Saman med opptaksbrevet fekk du også ein foldar med informasjon om den linja du har fått plass på og ein DVD (sjå foto under) med bilde og filmar frå skulen vår. Vi oppfordrar deg til å sjå på DVD`en før du svarar Ja eller nei. Dersom du vil sikre deg skuleplass er det viktig at du betalar innmeldingspengane innan fristen.





Det er mange som vil gå på Nordfjord folkehøgskule, og no har vi pakka fulle kasser med opptaksbrev. Dersom du er ein av dei som har fått brev i posten med tilbod om skuleplass, så finn du svarskjema her.

