Ekspedisjon Ski og surf Vertikalt Jakt og fiske Vind og vatn Aktivitet KRIK Bu- og arbeidstrening Kortkurs

Visjon
Brosjyre

Nyhende

Den store postdagen

Denne veka har vi gjort vårt for å oppretthalde eit godt postvesen. Onsdag 3.februar fylte vi postbilen med svarbrev til nye søkjarar.




340 ungdomar har søkt om plass ved Nordfjord folkehøgskule til hausten. Og rekordstor søknad til skulen betyr rekordmange svarbrev. Vi har sortert og spekulert, pakka og frankert, og no er svarbreva på veg ut til alle dei nye elevane.

Onsdag 3.februar var det stor dugnad for å få ut alle breva. Odd Harald Inspektør og Per Lærar hadde kontrollen, og dei instruerte undersåttane sine med makt og mynde. Undersåttane var for anledninga elevar som av ymse årsaker ikkje kunne vere med på snøholetur, og desse viste seg å vere svært veleigna arbeidskraft. I alle konvoluttane skulle det vere eit offisielt svarbrev frå rektor, ei velkomstbrosjyre frå linjelærar, ein giro og ikkje minst ein DVD med filmar frå friluftslivskulen. Konsentrasjonen hos dei som pakka var til å ta og føle på, og vi håpar alle brev kom i rett konvolutt.

Vi har berre 115 skuleplassar på Nordfjord folkehøgskule. Og nesten 3 gongar så mange søkjarar. Det betyr at mange av søkjarane ikkje fekk opptaksbrev no i første runde, men i staden står på ei venteliste for å få plass ved skulen.





(Sist oppdatert 04.februar 2010, 14:13)

Gå til nyhendearkiv

Friluftslivskulen på film
Flash is not installed


Friluftslivskulen - siste bildeserie
 


Friluftslivskulen i ord

Der er ingen hensigt,
der er intet maal.
Tindesporten er meningsløs som selve livet,
derfor kan dens trolddom aldrig dø!

Petter Wessel Zappfe

Les meir


Eit år med Johannes
front_johannes_stad

Johannes Kristianslund vert kjendis i bygda. Firda Tidend føl han gjennom skuleåret.

Les meir Sjå fotoblogg
Nordfjord Folkehøgskule | 6823 SANDANE | Tlf.: 57 86 80 40 | Fax: 57 86 80 50 | Send epost
Webmaster | CMS (dagenDin) | Design Innoventi