Som kjøkkenleiar har du hovudansvar for koking, innkjøp av matvarer, menyplanlegging, kosthald og ernæring ved skulen. I tillegg har du ansvar for HMS-arbeidet på kjøkkenet. Den som blir tilsett bør ha fagbrev som institusjonskokk eller kokk.
Alle linjene ved skulen driv med friluftsliv, det betyr mange turar og utedøgn for elevane. Planlegging og tilrettelegging for god mat på tur er difor ei viktig oppgåve for kjøkkenet.
Elevane våre er 19-20 år og fysisk aktive. Mange er svært opptekne av god mat og sunt kosthald. Vi ynskjer at kjøkkenleiaren har ein god dialog med elevane gjennom skuleåret.
Som tilsett ved Nordfjord folkehøgskule blir du del av eit ungt og pulserande miljø med stort tempo, mange prosjekt og stor fleksibilitet. Vi ynskjer ein kjøkkenleiar som har praktisk erfaring, kreative idear og gode samarbeidsevner. På kjøkkenet arbeider du i team med fleire kokkar og kjøkkenassistentar, og vi er opptekne av at kjøkkenet skal vere ein god arbeidsplass for alle.
Det er om lag 35 tilsette ved Nordfjord folkehøgskule, og vi ynskjer deg velkomen inn i eit godt kollegafellesskap.
Normisjon region Sogn og Fjordane eig skulen. Den som blir tilsett må arbeide i tråd med det kristne grunnsynet skulen byggjer på. Løn og arbeidsvilkår er etter gjeldande avtaleverk for tilsette i folkehøgskulen.
Vi oppfordrar deg til å lese meir her på heimesidene våre for å sjå kva skulen er og gjer. Har du spørsmål om stillinga, kontakt rektor på 57 86 80 40, 970 24 918 eller rektor@friluftslivskulen.no
Søknadsfrist er 26.juli 2010.
Søknaden sender du til
Styret for Nordfjord folkehøgskule
6823 Sandane





