Jentene satsar på sykkel denne sommaren, og turen går frå Nordkapp til Lindesnes. Dette er som kjent ein lenger sykkeltur enn mange andre sykkelturar, og den set difor krav til alt frå rumper og lår til psyke og pågangsmot. Ingeborg og Karen kan ikkje akkurat skilte med lår a'la Ådne Søndrål, men som kvinner flest kan dei by på ein annan og utan tvil viktigare eigenskap: Dei kan gjere to ting samtidig. For eksempel både sykle og blogge. Alt om ver, føreforhold, punkteringar, overnattingsplassar, middagar, heimlengsel, lokale heltar og anna dei opplever undervegs, kan du lese om på bloggen deira:
Jenter på hjul

Ingeborg Benestad var elev 08/09 og stipendiat 09/10, og Karen Vikanes Bjelland var elev 09/10.




Innimellom glimtar norsk ungdom til. Dette gjeld særleg Nordfjord-elevar, som gjerne legg ut på større og mindre ekspedisjonar for folk og fedreland. To av desse er Ingeborg Benestad og Karen Vikanes Bjelland.

