Om du ikkje har møtt denne dama personleg, kan vi opplyse at ho er over gjennomsnittet blid og sørvisinnstilt. Ho gjer alt ho kan for både elevar, tilsette og andre som måtte ramle innom kontoret.

Kjellfrid er spent på livet som pensjonist. Ho gledar seg til å få fri frå faste plikter, men har ikkje tenkt å sette seg permanent i godstolen. Ho har diverse planar om verv og oppgåver, og gledar seg til å få meir tid til frivilleg arbeid.
Vi ynskjer Kjellfrid masse lukke til med flotte pensjonistår, og takkar så mykje for godt arbeid, fantastisk sørvis, gode smil og smittande latter!






