I dei tre siste åra har vi arrangerte ein sommarleir for ungdom med utviklingshemming. Det har vore to flotte veker både for deltakarane og oss som jobba på leiren. Og no vert det ny leir i august 2010. På leiren vil vi at det skal vere 10-12 medhjelparar. Fem av dei fast tilsette på skulen skal jobbe på leiren, men i tillegg treng vi 6-7 ekstra medhjelparar/ungdomsleiarar. Kan dette vere ei oppgåve for deg?
Frå 2. - 6. august håpar vi at vi skal kunne ta imot ca 20 ungdomar til sommarleiren Med vinden i ryggen. Vi ynskjer å gi desse ungdomane mykje sosialt fellesskap og spennande aktivitetar. Les om leiren her: Sommarkurs for ungdom med utviklingshemming
Til deg som vil vere medhjelpar gir vi:
kr 2.000,- i lønn,
og du får fri kost og losji.
Send søknad om sommarjobb på e-post til: oddharald@friluftslivskulen.no
eller til:
Nordfjord folkehøgskule
v/ Odd Harald Halse
6823 Sandane
Merk søknaden med ”Medhjelpar på sommarleir - Med vinden i ryggen”





Vil du jobbe ei veke på vår sommarleir for ungdom med utviklingshemming?

