Visjon
Brosjyre
|
Logg 2010Her i loggboka vil vi kvar måndag legge ut ein kort informasjon om kva som skal skje i løpet av komande veke. Når vi får inn bilde frå veka vil vi oppdatere den aktuelle vekeloggen. Vi legg ut berre nokre få bilde for kvar veke her i loggboka. Mange fleire bilde frå dei ulike vekene vil du finne under linken Bildeseriar. Veke 36 Av og til har vi noko som heiter linjeveker på Nordfjord folkehøgskule. Då har linjene fem heile dagar i strekk til å reise på tur, utan avbrot av temadagar, valfag, fellesundervisning osv. Dette er ei slik veke. Og alle er klare for å nyte den! les meir Veke 35 Vi nyt september! Hausten har meldt seg med klår luft, blå himmel og blank fjord. Vi har 140 elevar på vandring over sørstrandsfjella med mål i Gjengedalen. les meir Veke 34 Den første veka er godt i gang. Praten går livleg i matsalen, alle har lært minst eitt namn, alle har fått meir informasjon enn dei klarer å svelgje, og no er det klart for tur! les meir Veke 33 Bilane køyrer inn på plassen, fullasta med kasser og sekkar, syklar og ski. Ei spent mor og ein nervøs far i bilen, korleis skal dette gå? Og ein elev på toppen av flyttelasset, meir enn klar til eit år på Nordfjord. Velkomne til oss! Les meir Sommaren 2010 Velkomen til Nordfjord folkehøgskule i sommarmodus! Frå no og fram til skulestart i august legg vi om drifta, og i sommarmånadane kallar vi oss òg for Gloppefjord sommarhotell og Sandane vandrerhjem. Les meir Veke 19 Skuleåret er rett og slett over. Laurdag hadde vi ein flott avslutningsfest saman med foreldre, tanter, onklar, besteforeldre og søsken. No gjenstår det berre ein 3-dagars tårevåt innspurt. Les meir Veke 18 Dra ut! Du ble født til vandring.Dra ut! Du har et møte du skal holde. Hvor? Med hvem? Du vet ikke enda – kanskje med deg selv? Les meir Veke 17 Elevane må ikkje få vite dette, då blir det tårer og tenners gnissel, men no er det altså berre to veker att av skuleåret. Og nok ein gong skal veka og naturen utnyttast til fulle. Les meir Veke 16 ”Jeg velger meg april, fordi den stormer, feier, fordi den smiler, smelter, fordi den evner eier, fordi den krefter velter,- i den blir somren til!” Bjørnstjerne Bjørnson hadde rett – april er ein luring.Les meir Veke 15 Denne veka brukar vi heile spekteret Nordfjord kan by på: Nokre nyt våren med å gå Jostedalsbreen på langs, medan andre har kystveke i Rugsund.Les meir Veke 14 Vèl overstått påske! Onsdag denne veka var det på’an igjen, både for Nepalfararane og for dei meir kortreiste som berre har vore på påskeferie.Les meir Veke 12 Våren er på plass, og det same er påskeferien.Les meir Veke 11 Han som styrer veret har visst tenkt at vinteren skal vare lenge. Snøen har nok ein gong lava ned, og det passar jo fint for alle elevane som skal på toppturveke. Les meir Veke 10 Det er tid for å teste ut kapasitet og kunnskap, sovepose og skisko, ullsokkar og uthald: Veke 10 er den store turveka med mange lange turar i vinterfjellet.Les meir Veke 9 3 klasser er i alpane og gjer sitt beste for å setje spor etter seg i den europeiske snøen. Vi andre nyt nærområdet og gledar oss over nytt påfyll med snø i Nordfjord. Les meir Veke 8 Vinterferie Veke 7 Vinterferien nærmar seg, men mykje skal gjerast før den tid. Denne veka er det for eksempel nye valfag, og elevane er godt i gang med gitarspel, fisking og båtliv, topptur, kiting og hybelkokkelering. Mellom anna. Les meir Veke 6 Surfing, harejakt, kiting, åleinenatt og toppturar. Dette er nokre av stikkorda for den 6. vinterveka i 2010.Les meir Veke 5 Etter ei veke med hofteknekk og knebøy i Hemsedal er alle klare for å teste ut skikunnskapane utanfor preparerte løyper. Friluftslivelevane skal på overnattingstur i vinterfjellet.Les meir Veke 4 130 elevar. 20 instruktørar. 130 cm snø. 29 kilo nugatti. Det er duka for telemarkkurs i Hemsedal. Les meir Veke 3 Snø er stadig eit viktig stikkord for dagane på friluftslivskulen, og både ski og akebrett er flittig i bruk. Denne veka har vi eit spesielt fokus på sikkerhet, og alle elevane skal delta på skredkurs.Les meir Veke 2 Vi har framleis flott vinterver i Gloppen. Snøen ligg kvit og fin, gradene er blå og kalde, og alt ullundertøyet vi fekk til jul er teke i bruk.Les meir Veke 1 Etter ei lang og god juleferie kjem elevane tilbake til eit kaldt men fagert Nordfjord i vinterdrakt. Vi startar det nye året med fellestur til Strandafjellet Skisenter. Les meir |
Friluftslivskulen på film
Flash is not installed
Friluftslivskulen - siste bildeserie
Friluftslivskulen i ord
"Med god træning og en fornuftig utrustning behøver selv vinterstormen i fjeldet ikke at skræmme." Årboken til DNT, 1918 Eit år med Johannes
![]() Johannes Kristianslund vert kjendis i bygda. Firda Tidend føl han gjennom skuleåret. Les meir Sjå fotoblogg |