Visjon
Brosjyre
|
Valfrie vekerLett blandingEit år på Friluftslivskulen byr på mykje meir enn berre linjetilbodet. Mellom anna set vi av fire veker til ulike turar og prosjekt. Då vel du aktivitetar på tvers av linjene. Slik kan du sjølv sette saman det skuleåret du vil ha. Oversikt over kostnadane på dei ulike opplegga finn du på kostnader. ![]() Prosjektveker i november Revy Nokre elskar å stå på ei scene og kan aldri få nok merksemd. Andre har skjulte talent og får kanskje sin første trampeklapp i ein fullsett sal ein kveld i november. I to veker blir det i alle fall liv og røre og full fest i vest. Praktiske uteprosjekt Heldigvis er verda full av handverkarar. Folk som liker å ta i eit tak. Kvar haust ventar nye prosjekt. Enten det er restaurering av ei gamme eller utviding av ein gapahuk. Og når dei to vekene er over, kan du for alltid vite at du har sett spor etter deg i Nordfjord. Klatring i Frankrike Når kulda kjem, set vi oss på toget til Frankrike for å møte veggen og hundrevis av bolta klatreruter. Her lovar vi to veker med god stemning og bratt læringskurve. To veker der du får være høgt oppe. Heile tida. ![]() Prosjektveke i desember Den første veka i desember lar vi timeplan være timeplan. Vi spreier oss rundt om i landet på ulike prosjekt. Nokre stikk på jakt med geværet i handa. Andre vil oppleve havet, enten det er på 20 meters djup eller i eit skip lasta med liner, teiner og garn. I ein svett gymsal vert det jakta på personlege rekordar samtidig som skulekjøkenet utfordrar til uhøgtidelig kokkekamp. I formingsavdelingane blir det produsert julegåver, både dei mjuke og dei harde. Og som om ikkje det er nok; dei snøkledde Vestlandsfjella lokkar skiglade elevar ut på tur - med og utan kite. Her ser du ei oversikt over kva prosjekt vi hadde tilbod om skuleåret 2009/2010. ![]() Prosjektveke i mars Europa har Alpane. Vi har Sunnmørsalpane. Denne veka kan du sjølv bestemme kvar du vil dra. Men uansett om du oppsøker 2000-3000 meter høge fjell i Østerrike eller har lyst å køyre heilt ned til fjøresteinane på Sunnmøre, så er målet det same; jakta på den beste snøen. På Sunnmøre kan du velje mellom heisbasert skikøyring og toppturar på kvasse vintertindar. I Alpane er det køyring i skianlegg som gjeld. For elevar på Friluftsliv/KRIK Ski og Friluftsliv/Ski og surf er Alpeturen inkludert i linjekostnadene. For elevar i dei andre klassene vil turen koste noko ekstra. |
Friluftslivskulen på film
Flash is not installed
Friluftslivskulen - siste bildeserie
Friluftslivskulen i ord
"Her er min kano, mine garn, mitt gevær og mine hunder. Skogene, elvene og vannene står til min rådighet. Jeg sitter i skjorteermene foran teltet og føler meg som en millionær. " Helge Ingstad, 1930 Eit år med Johannes
![]() Johannes Kristianslund vert kjendis i bygda. Firda Tidend føl han gjennom skuleåret. Les meir Sjå fotoblogg |