Visjon
Brosjyre
|
Om skulenPå Vereide i Nordfjord finn du friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord, Nordfjord folkehøgskule. Skulen ligg i storslått Vestlandsnatur, og forholda ligg godt til rette for eit allsidig friluftsliv.![]() Gjennom mange år har skulen utvikla solid erfaring og kompetanse innan friluftsliv, og vi har i dag sju ulike friluftslivlinjer. Vi er den einaste folkehøgskulen i Sør-Norge som er ein rein friluftslivskule. Skulen har ein internatkapasitet på inntil 130 elevar. Gjennomsnittsalderen dei siste åra har vore 19 år, og vi no har i mange år hatt omlag like mange gutar som jenter. Eit stort fleirtal av elevane er ferdige med vidaregåande skule før dei kjem hit. Skulen byggjer på kristne grunnverdiar og lærarane som arbeider her har eit kristent livssyn. Skulens eigar er Sogn og Fjordane region av Normisjon. Gåve Vil du gi ei gåve til Nordfjord folkehøgskule kan du gjere det på konto nr: 3710.09.70008 Vi takkar for all støtte til skulen og ynskjer deg velkomen hit når det måtte høve. Meir informasjon |
Friluftslivskulen på film
Flash is not installed
Friluftslivskulen - siste bildeserie
Friluftslivskulen i ord
”Nu er jeg stålsatt, jeg følger det bud der byder i høyden at vandre! Mit lavlandsliv har jeg levet ut; Heroppe på vidden er frihet og Gud, Der nede famler de andre.” Henrik Ibsen Eit år med Johannes
![]() Johannes Kristianslund vert kjendis i bygda. Firda Tidend føl han gjennom skuleåret. Les meir Sjå fotoblogg |