LUKK
Heim / Om skulen / Historia til Nordfjord folkehøgskule


Historia til Nordfjord folkehøgskule

Nordfjord folkehøgskule, som fyller 90 år 27. oktober 2013, vart etablert under namnet Nordfjord ungdomsskule, "Ljosborg", hausten 1923. Sidan 1970 har skulen vore kjent som Nordfjord folkehøgskule. Les oppsummeringa av skulen si historie nedanfor.



Du finn meir informasjon her:  Jubileum - NF 90 år  /  Tidligare brosjyrer  /  Historiske bilde frå NF /  Arkiv

 

Nordfjord folkehøgskule dei første 75 åra (1923-1998)

Fra 1912 til 1923 vart det bygd 20 kristelege ungdomsskular i Norge. Nordfjord ungdomsskule vart i 1923 den siste som vart bygd på mange år. I dei påfølgande åra vart det i staden satsa på ei konsolidering og styrking av dei kristelege ungdomsskulane - som hadde behov for å bli innarbeidd og kjent både i lokalmiljøet og i landet elles. Den neste skulen som kom til var Risøy folkehøyskole i 1936.

Salmediktaren Matias Orheim blir rekna for å ha gitt det andelege startskotet for bygginga av Nordfjord ungdomsskule då han sendte eit telegram frå Dragseidet på Stad til Indremisjonen sitt påskemøte i Utvik. På telegrammet, som vart sendt i 1919, stod det ganske enkelt "Paaskemøtet i Utvik. Reis ungdomsskulen! Dagsett ved Olavskrossen".

Allereie på dette møtet vart det sett ned ein komite som skulle ta seg av dei første førebuingane. På eit møte på Hotell Gloppen 24.april 1920, der nesten alle prestegjeld i Nordfjord deltok, vart det bestemt at Indremisjonen skulle stå for utbygginga med støtte frå alle dei andre kristne organisasjonane i Nordfjord. Det vart tatt ut ei tomt på 9,5 mål på Gloppen prestegard på Vereide. Lærar Bertel Kaale på Sunnfjord ungdomsskule vart kalla til styrar.

Matias Orheim og andre reiste rundt i bygdene i Nordfjord for å samle inn pengar, og bygginga kunne snart ta til. Gåvelister vart sendt rundt til heile Nordfjord, og gjevarane kunne teikne seg på "ein gong for alle - eller årleg i fem år". Det første styremøtet bestemte 4. januar 1920 at dei skulle søke om å bygge skulen etter teikningane frå Bakketun folkehøgskule i Verdal (bygd i 1915).  

Skulen vart reist på imponerende kort tid. Grunnarbeidet starta sommaren 1922. I august 1923 var styrarbustaden (seinare kalla Nordtun) ferdig. Helga 27.-28. oktober 1923 var det innviingsfest på skulen. Da stod bygget "Ljosborg" (seinare kalla Vesttun) der utan bordkledning og murpuss, men det var ellers klart til å takast i bruk. Faktisk vart skulen tatt i bruk allerei frå 8. oktober. Det første elevkullet hadde 68 elevar. 

Foto: Det første elevkullet på Nordfjord folkehøgskule 1923/1924

Frå første elevkullet har ein elev skildra skuleåret slik:  "Vi var 68 i alt, 21 gutar og 47 gjenter (...). Det var elevar frå dei fleste bygder i Nordfjord, nokre få frå Sunnfjord. Som rimeleg kan vera, var det mest frå Gloppen, om lag tredjeparten. Ein ven oktoberdag samlast vi på "Ljosborg" som skulen seinare vart heitande. Vi kom opp dei bratte bakkane med pakkar, koffertar og anna. På den vakre flata utanfor prestegarden stod skulen, mellom aglege gravhaugar og vyrdelege bjørker med gulnande lauv. Nyreist og uferdig stod skulen og venta på flokken som skulle flytte inn (...). Elevflokken vart snart ein stor syskinflokk som gjekk ut og inn på skulen i arbeid og leik (...). Lærarane, som tok vel i mot oss, synte oss kring på skulen. Utetter vinteren gjekk vekene snøgt og avsluttinga nærma seg. Vi hadde lært å arbeida lettare, så om leksene var store, så gjekk det godt likevel. Vi hadde nokre turar og utferder som var svært morosame. Vi fann oss godt til rette og gledde oss saman (sitat J. Gjengedal)".

Foto: Ei gruppe elevar frå ei sløydgruppe som viser fram møblar laga i undervisninga i praktiske fag (foto: Olav Kvaale, i perioden 1925-1940)

I dei første åra hadde dei fem lærarane ansvar for ei imponerende mengde fag: Religion, norsk, rekning, matematikk, historie, kyrkjehistorie, naturfag, geografi, sjelelære, engelsk, sang, skriving, teikning, landbruk, gymnastikk, sløyd, husstell og handarbeid. Skulekvardagen vart lagt nær opp til dei mønster og mål som folkehøgskulepioner Asbjørn Knutsen sette for arbeidet. Det skulle vere ein allmenndannande skule i folkehøgskuletradisjonen, – ein skule for livet. Den første skuleplana la hovudvekta på teoretiske fag, men det meldte seg raskt eit behov også for å satse meir på praktiske fag. For å få betre plass til dette, vart det i 1938 ført opp to nye bygningar. Den eine inneheldt tre- og metallsløyd, mens den andre inneheldt skulekjøkken, gymnastikksal og eit fysikklaboratorium som seinere vart bygd om til auditorium.

Foto: Gymnastikkbygget (f.v), Smiebygget og hovudbygget Ljosborg (foto: Olav Kvaale, september 1943)

I dei gamle protokollane står det lite om korleis livet på skulen var under krigsåra. Kanskje dette var eit bevisst val for å halde problema utanfor? Frå skulejournalen 9. april 1940 står det lakonisk: "Krigen braut ut. Skulle hatt stilprøve, men tok praktisk arbeid". Avslutningsfesten vart avlyst dette året, og i staden vart skuleavslutninga markert med ein enkel kveldsmat i matstova. Til dei fleste festar og selskap seinare i krigsåra klarte ikkje skulen å skaffe nok mat, så skikken vart at gjestane tok med matpakkar som dei leverte på kjøkenet. Men skulen heldt det gåande, og gjevarane heldt fram med å gje pengar til skulen slik at økonomien var betre enn situasjonen elles skulle tilseie.  

1950-åra vart det behov for å pusse opp elevromma. Nordfjordingane vart i januar 1950 oppmoda gjennom skulebladet "Ljosstrålar" til å støtte denne oppussinga. Kvar bygd fekk ansvaret for kvart sitt rom for 750 kr. Til saman kom det inn 20 000 kr. Samtidig opplevde Nordfjord ungdomsskule ein nedgang i elevtalet, slik dei andre ungdomskulane også gjorde. På det minste var elevtalet nede i 43 (1953/1954). 

På sekstitalet opplevde skulen ei ny oppgangstid, og det vart behov for å utvide internatkapasiteten. Hausten 1965 stod eit nytt jenteinternat på plass. Dette vart seinare gjort om til guteinternat. I 2007 vart dette bygget totalrenovert og ombygd med saltak, ny ventilasjon og dusj og toalett til kvart rom. Bygget fekk då namnet Midttun.

I løpet av 1960-åra vart det i Norge innført obligatorisk ungdomsskule for alle. Dei eksisterande undgomsskulane vart samtidig bedt om å bytte navn til folkehøgskular. Skulen på Vereide har båre namnet Nordfjord folkehøgskule sidan 15. august 1970.

På starten av syttitalet bestod fagkrinsen av norsk, rekning, kristendom, etikk, kyrkjesoge, psykologi, engelsk, tysk, foto, fysikk, norgessoge. verdssoge, geografi, samfunnslære, bibliotekstell, song, musikk, sjukestell, idrett, forming, maskinskriving, handarbeid, husstell, tresløyd og metallsløyd.

Tradisjonelt var det slik at fleirtalet av elevane kom frå Nordfjord og at få elevar reiste langt for å gå på folkehøgskule. Men utviklinga gjekk stadig i retning av fleire og fleire elevar frå andre stader i landet. Skuleåret 1975/1976 var det første året der nordfjordingane var i mindretal. I dag er om lag 95 % av elevflokken frå andre fylker enn Sogn og Fjordane.  I 2013/2014 er Oslo det største fylket. 

Foto: Den gamle gymsalen/festsalen på 1970-talet - i det som i dag er telttørkerom (i dagens Buldrebu)

Skulen utvikla på syttitalet ein spesialitet som skulle bli eit varemerke i mange år: Kystkultur med vedlikehald av gamle nordfjordbåtar og roturar til Stad og Bergen. I 1986 rodde elevar og lærarar frå Vereide til Bergen akkurat i tide til å rekke den internasjonale finalen i Melodi Grand Prix.   

I 1978 kom det to nye undervisningstilbod: Valfag i friluftsliv og praktisk gartneri. Og i 1984 kom dataalderen, med EDB som nytt linjetilbod. Litt seinare kom økonmi- og administrasjonslinja og teikne- og malelinja. Då hadde det vore tømrarlinje i fleire år. Lærar og elevar på denne linja bygde i 1983/84 huset som i dag blir kalla Fridtun. Dette var personalbustad i mange år. I dag er det stipendiatane som bur der.    

Foto: Nordfjord folkehøgskule starta med EDB-undervisning på i 1984 og kjøpte naturlegvis inn tidsriktige datamaskiner

Internatet som i dag blir kalla Sørtun stod ferdig i 1980. Dagens hovudkjøkkenet vart vedtatt oppført saman med matsal og gymsal i eit esktraordinært krinsmøte i Norfjord Indremisjon i 1984. Leiinga ved skulen presenterte planane, og 77 utsendingar var med på å vedta bygginga. I oktober 1986 var det offisiell opning av nybygget, og 500 gjestar møtte opp til festivitas og rømmegraut.  

Foto: Opning av nybygget med gymsal, matsal og hovudkjøkken i 1986. 

Utover åttiåra vart det skjerpa kamp om søkjarane til folkehøgskulen, og Nordfjord folkehøgskule la seg på ein ny strategi med meir fargerike og moderne skulebrosjyrer. I 1995 var skulebrosjyra forma som eit fargerikt CD-cover. Som vedlegg til denne var ei CD-plate der lærarar og elevar presenterte skulen.  

I 1997 vart det gjort ei omfattande ombygging og oppussing i store deler av det gamle hovudbygget frå 1923 (Ljosborg). Resultatet var mellom anna nytt storklasserom, sprinklaranlegg og Ljosborgstova i ny drakt. 

Les meir om dei første 75 åra i Nordfjord folkehøgskule si historike i jubilumsskrift frå 1998 (s. 01-06, s. 07-12, s. 13-18, s. 19-24)

Friluftslivskulen (1998-2012)

Friluftsliv kom som nemnt inn som valfag i 1978. Utover 1990-tallet opplevde skulen ei auke i søkjarar til friluftsliv og ein nedgang i øvrige fag. I 1998 tok friluftslivslærar Hallgeir Hansen over som rektor ved skulen. I 2000 vart skulen gjort om til ein rein friluftslivskule. Like før omlegginga var elevtallet nede i 65. I dag har skulen etablert seg med et elevtall på om lag 130. Satsinga på friluftsliv som fag har halde fram etter dette, og skulen hadde i 2012/2013 9 linjer med friluftsliv som hovudfag. Dette inkluderer vegleiarlinja som består av 8 stipendiatar med vegleiarpraksis på dei 8 andre friluftslivslinjene. I tillegg har skulen eit bu- og arbeidstreningstilbod for ungdom med behov for særleg tilrettelegging. Også desse har ein god del friluftsliv i undervisninga si. 

Foto: Rektor Hallgeir Hansen (perioden 1998-2013) var hovudarkitekten bak omlegginga til friluftslivskule i 2000 (foto: Firda.no) 

Les meir om friluftslivskulen i intervju med tidlegare rektor Hallgeir Hansen frå 2012 på Normisjon.no.

Skulen sine rektorar

Bertel Andreas Kaale (1887-1939) fra Breim vart den første styreren på skulen. Han var utdanna lærar, og kom til oppgåva på Vereide etter ei tid som lærar på Sunnfjord folkehøgskule i Førde. Han hadde stillinga til han døydde. Ein minnestein over Kaale vart reist ved skulen i 1947. Lista over rektorar er slik:

1923–1938: Bertel Kaale (1887–1938) (styrar)
1938–1947: Fridtjof Saanum
1947–1972: Erling Aagedal
1972–1982: Charles Bjerkan
1982–1991: Per Haarr
1991–1997: Oddvar Almenning
1997–2004: Hallgeir Hansen
2004–2005: Øystein Vegge (vikar)
2005–2012: Hallgeir Hansen 
2012–2014: Tore Humstad (vikar)
2014-dd: Hildegunn Gjesdal Tennebø 

Prosjekt Villmark

Prosjekt Villmark var ei tverrkyrkjeleg stifting som arrangerte villmarksturar og kurs frå starten av åttitalet til midten av nittitalet. Denne stiftinga vart til i 1985 som ein fusjon av "Bre og Fjell" (som sprang ut av Indremisjonsselskapet i Nordfjord) og det gamle Prosjekt Villmark (som var knytta til Ten Centeret i Oslo). Begge grupperingane hadde ein felles visjon om at friluftslivet kunne brukast til noko meir enn rein rekreasjon, og dei hadde som mål å medvirke til modning og vekst hos deltakarane, både på det personlege, kristne og mellommenneskelege plan. Aktivitetstilbodet spente frå naturretreat og leiartrening, til turar og kurs innan klatring, bre, segling og padling.

På slutten av nittitalet av nittitalet inngjekk Prosjekt villmark eit tett samarbeid med Nordfjord folkehøgskule om vidareføring av ideane bak stiftinga. Tidlegare elevar, stipendiatar og lærarar tok ansvar for størstedelen av aktivitetstilbodet, og dei fleste aktivitetane vart lagt til Nordfjord. Her kunne folk melde seg på brekurs, seglkurs, padlekurs, klatrekurs, Jostedalsbreen og Folgefonna på langs - for å nemne noko. Kursa var tilpassa både etablerte grupper og opne påmeldingar alt etter som kven som var i målgrupppa. Etter nokre år gjekk Prosjekt Villmark for fullt inn i Nordfjord folkehøgskule og utgjorde i nokre år all kortkursverksemd innanfor friluftsliv. Det vart gjennomført kurs og teambuilding for bedrifter, og sommarleiarne til Tråkk  leigde inn PV-instruktørar for å bidra med bre- og klatreføring. Turleiarane i Prosjekt Villmark bestod framleis av tidlegare elevar og tidlegare tilsette med til dels lang reiseveg til Nordfjord. Ei regeledendring for folkehøgskulane førte til at alle som skulle undervise i eit kortkurs måtte vere tilsett ved folkehøgskulen. Samtidig opplevde Nordfjord folkehøgskule ein enorm vekst i elevtalet til hovudkursa sine etter omlegginga til friluftslivskule. Desse to hendingane førte til at kursa til Prosjekt Villmark vart lagt på is frå slutten av 2000-talet .    

Nordfjord sommarhotell og Nordfjord adventure

Sommarsatsinga har dei siste åra vore ført under merkevarane Nordfjord sommarhotell og Nordfjord vandrarheim og Nordfjord adventure. Omsetnaden på denne delen av drifta, inkludert arrangement og catering, er på ca. 1,8 millionar kroner. Dette utgjer  om lag 6 % av den totale omsetnaden.

BILDESERIAR, TURRAPPORTAR OG ANNA FRÅ Friluftslivskulen