LUKK
Heim / Fag


Fag

Nordfjord folkehøgskule er ein friluftslivskule. Vi har spesialisert oss gjennom mange år, og skaffa oss solid kompetanse. For oss er friluftslivet ein ultimat læringsarena!




I år 2000 Nordfjord folkehøgskule gjort om til ein rein friluftslivskule. Skulen har i dag ti linjer med vekt på friluftsliv og ulike varianatar av utandørsaktivitetar. I 2008 vart skulen teken opp som medlem i Norsk Fjellsportforum. Av alle skulane i landet er det berre Høgskulen i Telemark og Høgskulen i Sogn og Fjordane som kan vise til same godkjenning. Lærarane har relevant utdanning og lang erfaring med friluftsliv, og i løpet av eit skuleår kjem du til å lære svært mykje om å vere ute og bruke naturen. Du treng ikkje ha mykje friluftsliverfaring for å søkje på Nordfjord folkehøgskule. Men du må like å vere ute, like å vere på tur, og ikkje minst like nye utfordringar. I løpet av året blir det minst 40 overnattingar i telt, hengekøye, båt, lavvo, hytte eller under open himmel.

I filmen nedanfor har vi spurt tidlegare elevar om det faglege utbyttet frå året ved skulen.  

 

Her er våre linjefag:

I tillegg har vi har både seminar, valfag og prosjektveker på tvers av linjene. Les meir om desse her: 

Vi har og samla noke fagstoff på denne samlsesida:

 

 

 

RELATERT INNHALD