LUKK
Heim / Fag / Fagstoff / Bistand til Okhaldhunga i Nepal


Bistand til Okhaldhunga i Nepal

Elevane på Nordfjord folkehøgskule samlar inn pengar til eit lite sjukehus i landsbyen Okhaldhunga i Nepal.




Nordfjord folkehøgskule sin konto for bistand er: 3705 13 05842

I samarbeid med eigarorganisasjonen vår Normisjon og deira partnarar United Mission to Nepal (UMN), er elevane på Nordfjord folkehøgskule med på å bygge opp helsetenester for fattige og marginaliserte folkegrupper og gi sjuke og funksjonshemma menneske på landsbygda i Nepal eit verdig liv.

Vi er med på å samle inn pengar til eit sjukehus i Okhaldhunga. Prosjektet som pågår akkurat no, gjeld nokre nybygg som skal innehalde operasjonsstue, postoperativ, intensivrom, fødestue, barnerom, vaktrom, sengerom, poliklinikk og tuberkoloseavdeling. I samband med det store jordskjelvet i Nepal i 2015 vart sjølve prosjektet forseinka og ein fekk også nye oppgåver å løyse.  Forrige skuleår samla elevane inn over 350 000 kr. Dette er pengar som kjem godt med i arbeidet, og som også er med å gje elevane noko svært viktig å jobbe med gjennom året.

Sjukehuset er det einaste i Okhaldhunga, eit distrikt med 180 000 innbyggarar. Det dekkjer i tillegg fire nabodistrikt der det ikkje finst sjukehus.

Normisjon støttar sjukehuset med to norske utsending, Erik Bøhler, som er barnelege og Kristin Bøhler som er sosialarbeier. Begge bidrar med mykje erfaring og brei kompetanse, og har lang erfaring med å bu i Asia. 

Okhaldhunga Community Hospital består av fleire små hus som ligg midt i dette bildet.

Bilde frå operastonsstova på sjukehuset

Referansar

Okhaldunga times: nyhetsbrev frå  Kristin og Erik Bøhler

Les den norske legen Erik Bøhler sin artikkel i Tidsskrift for den norske lægeforening.  

Finn meir informasjon om sjukehuset her, og sjå bildeserie frå Okhaldhunga her!

Bildeserie frå solidaritetsløp 1.desember 2012.

Bildeserie frå bistandscasino 19. mars 2014.

 

RELATERT INNHALD