LUKK
Heim / Fag / Linjefag / Aktivitet

Linjefag: AktivitetMykje vil ha meir

Nokre gongar treng du ikkje velje. Her er turmiksen for deg som vil høgt og lågt. Som vil ha det meste av det beste innan friluftslivet. Gutar og jenter: Vi har gleda av å presentere ei linje med mykje innhald, mange turar, tett program. Som klatring i fjell, vandring på bre, padling i elv, surfing på Stad, skiturar i vinterfjellet, kryssing av Jostedalsbreen og offpistekøyring på Sunnmøre.

Denne linja reindyrkar variasjonen. Du får skredkurs den eine dagen, isklatring den andre og kiting den tredje.

Her treng du ikkje velje bort noko. Her vel du alt på ein gong.



Aktivitet innhald

Toppturar
Vandretur på hausten
Klatring
Segling/kystveke
Skredkurs
Bretur
Havkajakk
Isklatring
Skileik
Vintertur
Førstehjelpskurs
Padling i Nærøyfjorden
Terrengsykling

8 dagar
3 dagar
5 dagar
3 dagar
5 dagar
3 dagar
4 dagar
2 dagar
1 dagar
3 dagar
2 dagar
3 dagar
? dagar

Elvekajakk
Bølgesurfing på Stad
Skiveke i Hemsedal
Kiting
Segltur med Statsraad Lehmkuhl
Kokelagstur
Pilegrimsvandring
Jostedalsbreen på langs
Snøholetur
Tinderangling
Åleinenatt

2 dagar
3 dagar
5 dagar
2 dagar

5 dagar
3 dagar
3 dagar
4 dagar
3 dagar
3 dagar
2 dagar

 


Aktivitet - Nordfjord folkehøgskule from Nordfjord fhs on Vimeo.

MEIR INFORMASJON OM TILBODET PÅ LINJA

Som sagt er dette linja for deg som har lyst til å prøve litt av alt. Vi fordjupar oss ikkje i ein spesiell friluftslivaktivitet, men skal i staden gje deg smaken av mange aktivitetar slik at du sjølv kan velje om og kva du vil fordjupe deg i etter folkehøgskuleåret.

Vi skal klatre, ha brevandring, det blir kystfriluftsliv der vi brukar både havkajakk og seglar gamle brukstbåtar. Vi skal òg prøve bølgesurfing.

Til vinteren blir det ein del toppturar. Vi skal til Hemsedal og ha ei veke med telemarkkurs saman med resten av skulen, og i tillegg skal vi kite og lære å bygge og bu i snøen.

I løpet av året skal du få prøve deg som turleiar, og du får lære gjennom både teori og praksis om friluftsliv, mat på tur, førstehjelp, gruppepsykologi og vegleiing av andre.

Du er veldig velkomen til eit år på Friluftsliv/Aktivitet – uansett om du har drive mykje eller lite med friluftsliv før. Og har du spørsmål om linja er det berre å ta kontakt!


Her er pakkeliste for Friluftsliv/Aktivitet

BILDESERIAR, TURRAPPORTAR OG ANNA FRÅ Aktivitet